Om stikling

Stikling er ein lokal plantebutikk på Grønland i Oslo. I den grønne jungelen av ein butikk kan du drømme deg bort i dine villeste plante-fantasier! Stikling tilbyr sjeldne husplanter og stiklinger i alle slags forskjellige kategorier, former og fasonger! I hyllene kan du også finne lekre håndlaga keramikk produsert lokalt i Oslo. Diverse tilbehør til plantene er frå Nelson Garden og Grønn Vekst. Butikken fungerer som pick-up point og ein møteplass for planteglade sjeler. I det nye lokalet lanserer me eit nytt konsept der me skal holde workshops og temakvelder. Her blir det formidling av kunnskap om alt innanfor planteverdenen! Temakvelder blir som eit fysisk forum der me kan dele tips og råd om korleis me kan få ein husplante til å trives i heimen vår og korleis me kan få dei til å elske oss som plante-foreldre. Me hjelper deg så godt me klarer med det du skulle trenge av råd til stelling og utfordringer då me også har stor interesse for planter og hortikultur. Sjølv tar me på oss diverse prosjekter og tester fram til nye erfaringer stadig vekk. Og det aller beste er å gro i lag!

Ideen om Stikling vart til i 2020. Stikling debuterte med å selge stiklinger på eventene til @eggetmarked september 2020 og blei forma til ein skikkeleg bedrift i november ved stor etterspørsel frå markedene og inspirasjon frå venner som er sjølvstendig næringsdrivande. Og sidan har Stikling sakte men sikkert blitt til noko meir konkret med stor vekstpotensiale! Å drive start-up under ein pandemi er ganske nervepirrende men også spennandes! Med full sats og trua på å løfte opp nabolaget og med eit ønske om å tilby Osloby noko annleis er kanskje akkurat det ein treng i denne tida! Stikling har såvidt overlevd COVID-19 sjølv, så satsar me på at framtida ser lyst ut også. Me gler oss til å ta deg med på reisa!

Juthamat er grunnleggaren bak Stikling og i lag med sin partner Magnus er dei begge eigarar av bedriften. Med Magnus som driv bedriften mest bak kulissene er det Juthamat som driftar butikken og utfører oppdrag på daglig basis. Juthamat har både akademisk bakgrunn og utdanning i BLOK, gartner utdanning og hortikultur kunnskap i ryggen. Ho har og som mål å arbeide med planter seinare i livet, drømmen er å bli arborist når ho blir stor! Magnus har lang erfaring innenfor servicebransjen, gründer bakhistorie og arbeidar for tida i Oslo Kommune attpåtil Stikling. Dei begge har ambisjonar om å vere med på å skape ein endå meir kulturell og innovasjonsrik Osloby!